(+) Pupp naturelle
Puppen er mat. Puppen er kropp. Puppen er seksuell. Kor vanskeleg kan det vere?
Tekst: Gunn Margit Langkaas
Foto: Gry Traaen og Nikol Herec
Denne teksten ble først publisert i papirmagasinet ALTSÅ utgave 7, vår 2021
I LAKK, LÆR OG NAGLAR går ho energisk att og fram på scena. Ho vrikkar og ristar på seg. Antrekket er heilsvart bortsett frå eit lite felt med raudt skinn over det ytste punktet på brysta. Over det raude feltet ser ein bar hud før det går over i meir lær og naglar rundt halsen. Han kliner seg heile tida så nær henne bakfrå som han klarer å kome. På slutten av låta skjer det: Han tar tak på eine sida av BH-en hennar og dreg til. Høgre bryst slepp fri og foldar seg ut i si naturlege form. Årets skandale er eit faktum.
Ifølgje dei to på scena var dette eit uhell, sjølv om ho hadde dekt til brystvorta med ein liten metallbit. Orda choose to be different strøymer ut av høgtalarane og avsluttar showet. Gløym krig, svolt og andre verdsproblem – den store snakkisen dette året blei Janet Jacksons pupp.
No er det 17 år sidan Janet og Justin drog på litt ekstra under superbowlfinalen i USA. Kva har skjedd med puppar i offentlege rom sidan då?
– ALTSÅ SEX, FOR Å BEGYNNE MED DET: Sex selger som hakka møkk! skal redaktøren av mykpornobladet Lek ha uttalt i 1997.
Idrettssosiolog, professor ved Universitetet i Sør-Aust Noreg, journalist, feminist, samfunnsdebattant og tidlegare toppidrettsutøvar i friidrett, Gerd von der Lippe, les med høg og klar stemme frå si eiga bok som ho gav ut i 2001, Idrett som kulturelle drama. Boka ligg oppslått framom ho på pulten på USN-kontoret i Bø.
Med brillene på nasetippen glyttar ho opp. Dei grå krøllene vippar rundt andletet idet ho ristar lett på hovudet, lener seg framover og seier om att:
– Sex sel som hakka møkk. Og bryst, og særleg brystvorter, har vore seksualisert gjennom heile historia, seier ho.
VON DER LIPPE HØYRER MED til den generasjonen av kvinner som kasta BH-en som eit ledd i kvinnefrigjeringa på 1970-talet. Dei var mange, og folk slutta ganske snart å få hikke eller pusteproblem av topplause kvinner på strendene eller naturleg forma bryst under kleda. Heller ikkje på 1980-talet var naturlege bryst eit sjokkerande syn. Endringa kom på 1990-talet. Meir om det snart.
I dag fører synlege brystvorter til utestenging frå det digitale sosiale fellesskapet dei fleste av oss er del av. Så framt det er brystvorta til ei kvinne som synast. Og det er ikkje bare fordi dei er meir puritanske på andre sida av Atlanterhavet. Her i landet er det også utenkeleg at ei kvinne stiller opp til debatt på TV utan at brysta har den unaturlege forma av to ballar og at brystvortene er godt skjult av den polstra BH-cupen. For kven ville høyrt kva ho sa dersom ho hadde valt å la puppane vere BH-frie under blusa?

I doktorgrada si frå 2018 tar ho for seg interaksjon i offentlege rom når det gjeld amming.
Henriksen er samd med von der Lippe i at brystvorta er særleg seksualisert.
– Den er jo gjerne stiv, seksuell og kåt, seier ho, og viser til at dette er konteksten me no er vane med å forhalde oss til kvinners brystvorter i. Ho forklarer dette med kraftig amerikanisering dei siste tiåra. Og med den har det blitt ei sterk seksualisering av kvinnekroppen.
− Brystvorta er både moderleg og seksuell, og når ein kroppsdel er begge delar, kan somme bli kjempeforvirra, forklarar ho.
Den seksualiseringa av kvinnebryst som ein ser i dag går hand i hand med ein mykje strengare puritanisme enn det ein såg på 1970- og 80-talet. Gerd von der Lippe finn puritanismen interessant.
– Fordi det puritanske er ei motrørsle i kulturen. Unge jenter i dag viser omtrent heile puppen, men likevel dusjar dei ikkje lenger nakne før dei går i symjehallen eller etter gym på skulen, seier idrettssosiologen.
Ho har forståing for at dei er redde for å bli tatt bilete av.
– Det er jo ei reell frykt, for det finst dei som gjer slikt, seier ho. – Men så har du samstundes dette med at dei sjølve legg ut bilete av kroppen sin på internett. Då berre den eller dei delane dei sjølve likar best, som puppane eller bakenden. For ei kortvarig glede ved å få likes. Dei treng stadfesting. Resten av kroppen eller heilskapen mislikar dei sannsynlegvis, trur ho.
− DET ER LETTARE Å photoshoppe eit bilete på jenterommet enn å vise seg fram i all si sårbarheit i ein gymgarderobe eller på soverommet til ein kjærast, kommenterer lege og forfattar Kari Løvendahl Mogstad.
– Det er eit trist bevis på at det er noko som er riv ruskande galt.
Mogstad forklarer samanhengen mellom kroppspress og puritanisme med at det er ein stor ambivalens i folk og kultur. Ho meinerfølgjande skildrar kvinners utfordringar: De skal være likestilte, men ikke sinte. De skal være sexy, men ikke billige. De skal være frigjorte, men ikke vulgære, siterar ho frå boka si Kroppsklemma.
Dette er uttrykk for ei samanblanding av seksuell frigjering og objektivering, peikar ho på.
Ho trur BH-ens rolle i dag kjem av denne ambivalensen mellom å vere frigjort og å ha strenge og rigide ideal. Det er ut å gå utan BH, men sexy undertøy er trendy og kan gjerne bli vist fram. Den store fikseringa er at alt skal vere sexy, og redigera puppar forklarar ho enkelt med at puppar er in.
– Influensarar legg ut bilete av sine operera puppar og perfekte bryst heile tida, poengterer ho, og legg til at me sjølvsagt kan skulde på internett, big business, moteindustri, popindustri og sosiale media, men at me også må sjå på kor stor innverknad pornoindustrien har på liva våre i denne samanhengen. Det er mykje av ideala for utsjånad som kjem derifrå.
Det gjeld også for bryst, og seksualiseringa av bryst har røter i pornoen, peikar ho på.
– Og dei er jo seksuelle, seier ho, men trur det er vanskeleg for mange å skilje mellom det at brysta er viktige matfat og eit symbol på det moderlege, og det at dei er objekt for sex.
– Mange unge ser porno og blir påverka av korleis kvinnekroppen stereotypt blir framstilt der. Den endringa vi har sett, kjem kanskje også av den store intensiteten og konstante eksponeringa frå internett, seier ho.
Er naturleg kropp blitt umoralsk?
Det er ikkje tvil om at det naturlege er sett under press, og at det er glidande overgangar mellom det ekte og det som ikkje er det. Det kan me sjå på plastisk kirurgi-industrien, som har eksplodera, og kor fort det har gått frå at det var litt shady og «Hollywood-aktig» å la seg operere og fikse på utsjånaden, mens det i dag er som eit lite gjesp, meiner ho.
Det er eit sterkt press å stå imot for ein ung sjel som framleis leitar etter sin plass i verda. Korleis kan me som vaksne kvinner vere gode rollemodellar for dei unge?
– Me ER viktige rollemodellar. Aller mest gjennom det me GJER, presiserer ho. – Eg trur faktisk at mange vaksne kvinner også strevar med akkurat dei same tinga som ungdommane våre. Då er det ikkje så rart at utviklinga er som den er. Men det er like viktig å tematisere det, slår ho fast.
GERD VON DER LIPPE HADDE EI VENNINNE som jobba i helsesektoren. På byrjinga av 80-talet gjekk ho utan BH på arbeid, og det var heilt greitt. Heilt til starten av 90-talet. Då fekk ho beskjed av sjefen om å ta på seg BH.
Kva skjedde på starten av 90-talet som gjorde at det ikkje lenger var greitt?
Von der Lippe trur det heng saman med at Sovjet gjekk i oppløysing i 1991, og at det førte til store endringar også i Vesten – og i Noreg. Med Sovjets fall var den kalde krigen mellom aust og vest slutt.
− Vesten hadde liksom vunne med slagordet The End of History av den nord-amerikanske filosofen, Francis Fukuyama. Det var økt konsum, kapitalismen og demokratiet som hadde vunne i vår del av verda, forklarar ho.
Idrettsprofessoren meiner me treng ei ny kvinnerørsle for å frigjere kroppen, men ser at det ikkje er så enkelt i dag. No er alt så globalt, og alt er samanvove med kapitalisme og økonomi. Me blir konstant fora med nye freistingar og ting me «må» ha. Men ho saknar bevisstgjering om konsekvensar.
Bevisstgjering, ja. Få har vel vore meir i front enn Gerd von der Lippe når det gjeld kvinnekamp i Noreg. Då særleg innan idrettens verd.
– I -72 var me to kvinner som sprang ulovleg i Holmenkollstafetten, for den var berre for menn, fortel ho.
UNDER DET FALSKE NAMNET «Øyvind Foss» deltok von der Lippe i stafetten dette året. Det enda med rabalder; utestenging frå landslaget og frå jobben på Norges Idrettshøgskole, kritikk for «kjettersk oppførsel» og debatt i avisene, men det var ein viktig augneblink i norsk kvinnekamp. Kampen blei kjempa på fleire frontar, men sprang ut av same ideen; at kvinner skulle få bestemme over seg sjølv. Slik blei BH-frie bryst og deltaking i idrettsarrangement to sider av same sak.
– Avisene var jo ivrige etter å skrive om alt som var i opposisjon, og etter alt det der med Holmenkollstafetten var det eit bilete av meg som blei mykje bruka i avisa Klassekampen. Der kan du sjå brystvorter. Vi kjempa kampen på fleire hald, seier von der Lippe.
Kvifor er det blitt nærast tabu å gå utan BH i det offentlege rom?
– Det er eit godt spørsmål som eg ikkje trur nokon har eit godt svar på, men det KAN vere at det minner om kvinnerørsla, om fortida. Det er jo mange i dag som trur at det berre er framtida som gjeld. Dei tenker ikkje at vi alle har fortida i kroppane våre, og ho spelar inn heile tida, seier ho. Ho trur det for mange ikkje finst noko verre enn tanken på å vere «gamaldags».
– Det å vere gamaldags blir uglesett fordi det heile tida skal vere framdrift. Næringslivet vil stadig ha såkalla framsteg og endring. Då tenker dei ikkje på at jordkloden ikkje treng den typen endringar som inneber økt konsum, seier von der Lippe.
Trur du at det å kaste BH-en minner for mykje om 70-talets feminisme, og at det kan virke skummelt for nokon sidan kvinnene den gongen blei så sterke?
– Ja, absolutt! Vi erobra jo den nord-vestlege verda, og det sette sjølvsagt skrekk i mange mannfolk. #metoo-rørsla viste kor vanleg det framleis er for menn med makt å få vilja si med yngre kvinner. Makt er kapital, påpeikar feministen.
Kva med at puppefikseringa i dag er blitt så stor og likevel verkar det som det ikkje er ekte puppar som er idealet? Skal verkeleg bryst i 2020 berre bli sett i redigera utgåve?
– Ja, ja, ja, ja! Det skal tirre det du ikkje ser, ikkje sant? Ser du brystvorta, ser du alt, og du mister spenninga. Jon Michelet sa ein gong at han ikkje forsto kvifor kvinner skulle gå med berre ein liten flekk her og ein liten flekk der, seier ho og viser med ein finger rundt brystvortene og ein mellom beina.
– Han hadde tenkt nøye på det, og kome fram til at det var jo rett og slett for å pirre. «Kva er det vi ikkje ser?»

Ho minner om at det er vi saman som skapar haldningane til kvinnebryst. Stigmatiseringa også.
– Dersom fleire hadde sola seg topplause, så hadde det blitt opplevd som meir naturleg, seier ho.
Kvifor trur du den puritanske haldninga til kropp har fått slikt fotfeste i Noreg?
– Eg antar at det er noko med at heile kulturen rundt oss er blitt meir fokusera på utsjånad. Me har influensarar som påverkar, som lever av å vise fram styla kropp og antrekk. Me har jo alltid kledd på oss og pynta oss. Korleis me gjer det, er avhengig av mote og trendar. Bikiniar på barn, for eksempel, handlar jo om kapitalisme, det er salsvare, meiner ho.
– Eg har ei dotter, og det å ta på ein unge bikinitopp, er jo ein måte å seksualisere ho på. Då seier du at dei her brystvortene, som ikkje er blitt puppar enno, er seksuelle. Då skjuler me noko som eigentleg ikkje er noko å skjule, poengterer sosiologen.
NORMEN ER AT ME godt kan gå utan BH så lenge brystvorta ikkje synast, meiner ho. Det er den som får det til å gå rundt for folk fordi me ikkje lenger er vane med å sjå brystvorter. Henriksen vil hylle alle som går på offentlege badeanlegg og kler heilt av seg i garderoben. Eller bare det å gå rundt i symjehallen eller på badestranda i badetøy med den kroppen ein har, er med på å normalisere det naturlege. Reklamebransjen bør også kjenne på eit ansvar for å vise fram eit mangfald av kroppar, meiner ho, ikkje bare den retusjerte og idealiserte. Ho trekker fram Press, Redd Barna Ungdom for å gjere ein kjempejobb med å bevisstgjere kva som er urealistisk og manipulera reklame. Alt vi ser, er med på å skape biletet vårt av normalitet. Ser vi bare retusjerte bilde, er det etter kvart slik vi oppfattar at det normale er. Og avstanden til våre eigne kroppar blir stor.
GERD VON DER LIPPE SIN GENERASJON gjorde meir enn å vise fram bryst som ei aning under trøya. Ho ler litt i dag av frimotet deira, og innrømmer at dei ikkje alltid tenkte på korleis folk tok det. Som den gongen ved hytta i Gamle Hellesund der ho sprang med kjærasten sin. Året var rundt 1971 og dei trena sprint.
– Dette var eit lite samfunn på Sørlandet, og eg sprinta i DEN vesle bikinien. BH-en var liten og puppane var utanfor, dei spratt opp og ned. Då kom det ei gamal dame som var på veg til kyrkja som låg like ved. Eg sprinta på og tenkte ikkje over kor eg var. Plutseleg såg eg at andletet til den gamle vrengte seg, fortel ho.
Då stoppa ho opp og, for fyrste gong, tenkte at: «ok…me vil ha endring, men me bør nok også vise omsyn til den eldre generasjonen. Me treng ikkje utfordre heile tida».
– Eg gløymer det aldri, det andletet, seier ho tankefullt.
Den gongen, på 1970-talet, fekk kvinnerørsla hjelp av kapitalismen til å bli så dominerande, meiner von der Lippe. Samfunnet såg at dei hadde bruk for kvinner i business, utdanning, leiing og i dei fleste yrke for å auke sal, produksjon og avkasting. Dersom kapitalismen ikkje er tent med nye rørsler, blir det vanskeleg å gjennomføre dei, meiner ho.
Kapitalismen vil heile tida fremje endringar, nye motar. Og endringa kom. Utover på slutten av 80-talet gjekk von der Lippe framleis og sola seg topplaus, men ikkje lenger over alt. No var det noko som bare skjedde på ein bestemt stad i Oslo. Og ho og dei andre topplause var no blitt i mindretal.
NYE NORMER INNHENTA også feministen i Bø, og dei BH-frie åra tok slutt.
Då gode venninner tok på seg BH-en att, gjorde von der Lippe det same.
− Ein blir jo og påverka av filmar, reklame og slike ting. Det gjer me jo nesten alle, fortel ho.
Men framleis er det slik at så fort ho kjem heim, og veit at ho ikkje skal ut av huset på ei stund, så er det av med BH-en.
− Det er like skjønt å kaste BH-en når eg kjem heim i dag som det var å bli kvitt han på 1970-talet, seier von der Lippe.
