At fleire av aksjonistane i Fosen-aksjonen var unge kvinner, kan ha bidratt til å styrke gjennomslaget til aksjonen, trur statsvitar Ingrid Vik Bakken. Foto: Alf Simensen / NTB

(+) Kvinnelege aksjonistar kan auke sjansen for støtte
Publisert:

Forskarar har sett på kvinners rolle i demonstrasjonar. Når kvinner deltek, aukar sjansen for gjennomslag, skriv dei.

Tekst: Hanna Huglen Revheim

Tre politibetjentar har eit fast grep om kroppen til den unge, samiske kvinna i det dei ber ho vekk frå inngangen til Finansdepartementet. Den blå drakta står i lysande kontrast til dei tre svarte uniformene. Det fortvila uttrykket i andletet hennar blir spegla i andleta til dei andre unge aksjonistane som gråtande filmar statens inngripen.

Det handlar om majoritet og minoritet. 

Om dom og rett. 

Om makt og om motstand.

Normenes kraft

Dei samiske protestane mot vindmøllene på Fosen rulla gjennom verda i starten av mars. 

Ingrid Vik Bakken. Foto: INEF

At fleire av aksjonistane var unge kvinner, kan ha bidratt til å styrke gjennomslaget til aksjonen, trur Ingrid Vik Bakken, postdoktor ved Institutt for utvikling og fred (INEF) ved universitetet i Duisburg-Essen. 

– Det er interessant korleis Fosen-aksjonen balanserte på grensa av det vi synast er ei legitim form for handling for å oppnå eit politisk mål. At dei opprettheldt ei ikkje-valdeleg line vart viktig for å halde på støtta i opinionen.

Bakken er statsvitar og har forska på kvinners roller i protestar. Sidan aksjonar som Fosen-demonstrasjonane går utanfor rammene til lovverket, er dei avhengige av å bli støtta av folket for å få gjennomslag. Og det er i denne samanhengen at kjønnsnormer kan spele ei rolle. 

For vi assosierer ikkje kvinner med vald på same måte som vi gjer med menn.

– Ein kunne sjå noko liknande i demonstrasjonane etter drapet på George Floyd, der ei rekke bestemødre demonstrerte saman. Hand i hand danna dei ei lenke. I slike tilfelle blir det vanskeleg for staten å slå ned på demonstrantane på ein legitim måte. For det ser så dårleg ut. Og derfor såg det også dårleg ut då dei samiske demonstrantane blei borne vekk av politiet.

Å svekke staten

Også Marianne Dahl, seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (PRIO), peiker på dette poenget.

– I bileta frå Oslo kjem det tydeleg fram at dette var ikkje-valdelege demonstrasjonar. Aksjonistane lykkast i å skape ein situasjon der staten tapte, uansett kva dei gjorde, seier Dahl.

Hadde dei latt vere å gripe inn slik at det oppstod logistikkproblem, ville staten sett svak ut. Men det såg heller ikkje bra ut då aksjonistane blei fjerna frå statlege trapper. Når aksjonistane lykkast med å reise eit dilemma der staten tapar uansett kva dei gjer, kan det auke moglegheitene for suksess, forklarer ho. 

– Eit klassisk eksempel på slike dilemma er sveltestreik. Viss staten let ein person døy, så er det forferdeleg. Men å tvangsfôre ein demonstrant ser også ille ut. Det gjer at prisen for ikkje å imøtekomme krava blir endå høgare.

Ein tviegga reiskap

Fosen-aksjonen sluttar seg inn i ei lang rekke eksempel på sivil ulydigheit i Noreg.

Marianne Dahl. Foto: PRIO

– For at noko skal kallast for sivil ulydigheit, kan ein ikkje bruke vald, men samtidig må lovverket bli brote, seier Dahl.

Ein kan til dømes kaste måling på Sinnataggen, lenke seg fast til anleggsmaskiner ved Førdefjorden eller blokkere inngangen til eit departement. 

Som reiskap er aksjonsforma tviegga. Skal aksjonistane nå gjennom med bodskapen, må dei få folket med seg. 

– Den store fordelen med sivil ulydigheit er at temperaturen blir skrudd opp til nye høgder, sjølv om det ofte er færre deltakarar enn i lovlege protestar. Ulempa er at ein må skaffe nok støttespelarar og deltakarar. Når ein går utanfor lovverket, blir terskelen for å delta høgare. I tillegg kan ein risikere å skyve frå seg potensielle støttespelarar, seier Dahl.

Suksess i ulike former

Samane som demonstrerte i Oslo førre veke, er ikkje aleine i val av aksjonsform. Ifølgje dei amerikanske statsvitarane Zoe Marks og Erika Chenoweth aukar førekomsten av ikkje-valdelege demonstrasjonar på verdsbasis. Og når kvinner deltek, aukar sjansen for gjennomslag, skriv dei. 

Samtidig kan balansegangen mellom motstand og gjennomslag vere hårfin. Målinga som blei kasta på Sinnataggen, vekka først og fremst sinne. Mens aksjonar som Alta-aksjonen på 70- og 80-talet fekk store politiske konsekvensar. 

– Sjølv om det enda med at deler av Altavassdraget blei bygga ut, så endra denne aksjonen norsk samepolitikk. Aksjonen munna ut i ein ny lovtekst om samiske rettigheiter i 1987, og to år seinare opna Sametinget. Så det handlar om korleis ein ser på suksess, seier Dahl.

– Når ein vinn fram med ei historie om at aksjonane er eit nødvendig grep, så aukar sjansen for gjennomslag, held ho fram.