Stilleben av blomsterpotte i vinduskarm.

(+) Historia om ein spontanabort
Publisert:

Alt dette blodet, tek det aldri slutt? Eg har blødd i tre månader.

Denne teksten vart fyrst publisert i papirmagasinet ALTSÅ si utgåve 2. Teksten er vinnar av ein skrivekonkurranse.

Teksten er ein kommentar og gjev uttrykk for skribentens meining.

Eg er glad for at sjukepleiaren har fortalt meg at det er eit langt klede, men sjølv om ho har presisert det, vert eg overraska når eg dreg ut eit blodig gasbind på over to meter. Ut den vegen det skulle ha komme ein baby, eit nytt liv. I staden kjem dette lange kledet, som verdas verste trylletriks. Eg lurer på korleis dei har fått til å legge det slik at det kjem ut som eit langt jamt klede, utan krøllar og klumpar, anna enn klumpane av blod. Alt dette blodet, tek det aldri slutt? Eg har blødd i tre månadar. Eg har blødd heime, på badet og i senga. I byen, på bussen, eg har blødd på biblioteket og på puben. Restane av det som skulle verte barnet mitt, ligg strødd igjen utover heile byen min. Eg prøver å tenke at det er noko fint i det, men eg skulle ønske at eg heller kunne ha blødd nedi eit lite hol i skogen, grave att og visst at der, der er det. Slik det er no, ligg det restar i alle søppelbøttene eg har kasta bind i, og alle toaletta eg har besøkt dei siste tre månadane. På toget til Trondheim og på flyet til Stockholm. Eg vert svimmel og må legge meg ned.

Fem timar sidan inngrepet

Eg ser at det er ho som heiter Kristine som kjem inn. Ho er på min alder, kanskje litt yngre. Ho er lys, med rundt fjes og kraftige overarmar. Eg likar ho godt, ho er ei slik ei eg vil skal støtte meg i seng. «Det har gått 5 timar sidan inngrepet, så du kan ete litt no, vil du ha ei skive?» Eg ristar på hovudet. «Eg kan godt få litt saft», seier eg. Ho trekker frå gardinene, og eg ser at det er kveld. Snart er vakta hennar over. Kristine skal gå heim, truleg til mann og to blonde barn og sjå på fredags-TV, ete heimelaga pizza og drikke vin. Medan eg er her. Ingen pizza, ingen vin, ingen mann. Ingen barn. «Har du barn?» Den forrige som spurde om det, var den nye frisøren. Eg rykka til i stolen, håpa ho ikkje merka det. Svaret mitt kjem alltid akkurat litt for fort og med eit tilsynelatande lett tonefall: «Nei.»

Eg må ha sovna, det har vore vaktskifte og to nye kjem inn. Sjukepleiaren presenterer seg, og seier at ho har med seg ein student som skal vere med på si første nattevakt. Dei tar blodprøver, studenten får øve seg på å stikke. Før dei går, sett sjukepleiaren det vesle begeret med smertestillande på nattbordet. Eg tek dei så fort dei har gått ut, og ventar på søvnen.

Sparklar att underlivet

Eg drøymer at eg er innlagt for å sparkle att underlivet. Eg er vaken under operasjonen og høyrer dei to mannlege legane snakke seg imellom. «Det har medført så mykje smerte at det er til det beste». Så sparklar dei att og glattar til som på ei barbiedokke. Det er ingenting der.

Eg får frukost etter at eg har dusja og forsikra sjukepleiarane om at eg ikkje er svimmel lenger og fint kan gå åleine. I ellevetida kjem legevisitten. Legen sett seg på sengekanten og seier: «Du har kanskje forstått det, men dette var siste sjanse …Vi vil ikkje tilrå …» Det susar i øyra mine, så eg får ikkje med meg alt ho seier, men eg nikkar på dei plassane ho ser ut til å forvente det, og tenker at dei likså godt kunne ha sparkla meg att. Etter ho har gått ut, pakkar eg ned dei få klesplagga og toalettsakene eg hadde med meg og ventar sitjande på senga med joggeskoa på. Eg veit ikkje kva eg ventar på, for snart skal eg gå ut i verda att. Kvinne 38. Ingen barn.